Årsmøtet i venelaget 2020 utsett til 2021 |
Grunna korona virus og covid 19 epidemi er Poesifestivalen 2020 utsett til september 2021. Styret i Venelaget tilrår at årsmøtet i Venelaget og vert utsett til 2021 slik at ein kan halda årsmøte samstundes med Poesifestivalen. Dette er og i godt samsvar med vedtektene til Venelaget. Det noverande styret er innstilt på å arbeida i styret dette ekstra året. Om nokre av medlemmane ikkje er samde med denne løysinga kan dei kontakta styret ved leiar ola-lj@online.no.
Styret 2020 - 2021 vil då vera, med e-post adressa: Olav Ljones (leiar). ola-lj@online.no Marit Hafting. Marit.Hafting@gmail.com Guri Hjeltnes. guri.hjeltnes@hlsenteret.no Kamilla Systaddal. kamisyst@gmail.com Vara; Astrid Kløve Graue, akg@avisa-hordaland.no Kasserar.Anders Opheim. andersko@ulvik.org
|
Haugekveld i Bergen 26 april 2019 |
|
Om Venelaget Olav H. Hauge |
Olav H. Hauge, lyrikaren frå Ulvik (1908 - 1994), er framleis ein kjend og kjær poet. Hausten 2016 hadde NRK ei kåring av dei beste norske dikt gjennom tidene, og i finalen var to dikt av Olav H. Hauge med, og diktet «Det er den draumen» vann heile kåringa. Hauge sjølv ville nok ikkje ha lika slike kåringar. Men og mens han levde, fekk Olav merka at han var ein særs omtykt poet både hos folket og i aukande grad mellom litteratane.
Det grodde i Hauge sine spor. I 1999 vart Venelaget Olav H. Hauge skipa på Rossvoll, diktarheimen til Olav H. Hauge i Ulvik. Laget er landsomfemnande og er for vener av Olav H. Hauge si dikting og har no omlag 300 medlemmar. Styret gjev ut Venelagsheftet. Det har vore ulike arrangement og føredrag, men den største tilskipinga vart Poesifestivalen som no Haugesenteret og Nynorsk Kultursentrum har ansvaret for. Hausten 2018 var det festival og neste er 2020.
Styret for 2018-2020 er - Olav Ljones, leiar - Marit Hafting - Guri Hjeltnes - Kamilla Systaddal - Ingebjørg Winjum - Astrid Kløve-Graue - vara
Venelaget ynskjer alle velkomne som medlemmar og lagspengane er k 250 som kan innbetalast til konto 3450 30 01960 ved kasserar Anders Kristoffer Oppheim.
|
HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVALVenelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar. I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans.
|
Referat årsmøte 2018 |
|
Årsmøtet 8.september 2018 |
Det var årsmøte for Venelaget Olav H. Hauge på Rossvoll under Poesifestivalen 2018. Det nye styret som vart valt er:
-
Olav Ljones, leiar
-
Marit Hafting
-
Guri Hjeltnes
-
Kamilla Systaddal
-
Ingebjørg Winjum
-
Astrid Kløve-Graue - vara Referatet er lagd ut på heimesida.
Det vart vedteke å fylgja opp vedtaket frå 2016 om samarbeid med Haugesenteret om at heimesida til Venelaget kjem inn under heimesida til Haugesenteret. Vedtaket under årsmøte har som ambisjon å få til ein overgang frå 2019. Det syner seg at dette vert for tidleg då Haugesenteret skal leggja om heile si heimeside og at det er naturleg at overflytting av heimesida for Venelaget ventar til Haugesenteret er ferdig med si eiga omleggjing, Venteleg ikkje før i 2020.
|
Årsmøte 2018 |
|
Fjellet kring Uppsæte, Hallingskeid og Finse |
Denne artikkelen "Fjellet kring Uppsete, Hallingskeid og Finse i eldre tid" var trykt i Den norske turistforenings årbok i 1950 og er skriven av Olav H. Hauge
|
Amboltprisen 2018 |
|