Arkiv

 

"Kom ikkje med heile sanningi"

Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi
i den sprekka dei slo,
kan grunnvatn stiga." (Olav H. Hauge)

Olav H. Hauge-program med skodespelar  Arnhild Litlere og saksofonist Arvid Aasprang

På Litteraturhuset i Bergen torsdag 5.februar kl 19.00

På Thon hotell Sandven fredag 6. februar kl 19.00

PÅ biblioteket, Voss kulturhus, laurdag 7. feb. kl 14.00 ( i samarbeid med biblioteket)

I Ungdomshallen, Odda sundag 8. feb. kl 18.00 (samarbeid med Odda Mållag)

www.billettservice.no (www.litteraturhuset.no for torsdag) vosskulturhus.no for laurdag)

Ordinær billett kr 250/medlemmer i Venelaget Olav H. Hauge som har betalt for 2015, kr 150 (i Odda medlemmer i Odda Mållag kr 150)


Arr: Venelaget Olav H. Hauge, med støtte frå Folkeakademiet og Fritt Ord.
 
 


Den andre mannen i meg

Filmpremiere på "Den andre mannen i meg" på Haugesenteret 26. nov. kl 19.00. Meir informasjon finn du på heimesida til Haugesenteret:



Den andre mannen i meg
Gjesteforestillinga "Den andre mannen i meg" med Henrik Mestad og saksofonist Trygve Seim vert sett opp på DnS i Bergen måndag 27.okt. kl 20.00. Stykket er basert på dagbøkene til Oav H. Hauge. Det har gått for fulle hus i Oslo! Vel verdt å få med seg for Hauge-vener.

Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle

DIKTARSPRÅKET: FRÅ DET

HEIMLEGE TIL DET UNIVERSELLE

Idar Stegane om Olav H. Hauge 
Frode Grytten

I høve feiringa av Språkåret 2013 arrangerer Venelaget Olav H. Hauge møte med foredrag og opplesing på Hovedbiblioteket i Bergen. Tema for kvelden er dialektbruk og lokal koloritt i prosa og poesi, med utgangspunkt i Olav H. Hauge og Frode Grytten sitt litterære språk.

 

Professor emeritus Idar Stegane (Universitetet i Bergen) har gitt ut boka Olav H. Hauges dikting (1974) og skrive artiklar om Hauge. I tillegg til å bruka stoff frå si eiga Hauge-forsking, vil Stegane i foredraget ta føre seg moment frå boka Målmeistaren frå Ulvik (1998) av professor emeritus Andreas Bjørkum. Boka handlar om språkforma og ordvalet hos Hauge. Stegane vil visa korleis Olav H. Hauge nyttar ord og uttrykk frå naturen og kulturen i Hardanger og Ulvik i dikta, og korleis den lokale forankringa resulterer i  poetisk språk som blir til stor kunst med allmenngyldig tematikk. Aktuelle punkt vil mellom anna vera naturen som motiv, ordtak og visdomssetningar, tilhøvet til folk i arbeid og sosialt liv, samt tilhøvet til kultur- og diktekunst nær og fjernt i tid og rom.

Forfattar og journalist Frode Grytten (1960) kjem frå Odda. Han har gitt ut mange bøker i ulike sjangrar. Den mest kjende er kanskje Bikubesong frå 1999. Grytten blir lesen av folk i alle aldrar, og han har fått mange prisar for bøkene sine. I tillegg er han også høgt skatta som opplesar. Denne kvelden vil Grytten lesa eigne tekstar og visa korleis oddadialekten og lokal kultur kjem til uttrykk i hans eiga dikting.  

Tilskipar: Venelaget Olav H. Hauge i samarbeid med Folkeakademiet

Stad:  Auditoriet, Bergen offentlege Bibliotek 

Tid: 21.11. klokka 19:00.

Inngangspengar: 50,-

Medlemer av Venelaget Olav H. Hauge: Gratis

 


HAUGEKVELD PÅ LITTERATURHUSET I BERGEN

“Olav H. Hauge: det lydlege i poesien”
- om lyd og musikalitet i framføringa av Hauge-dikt


Dato: Torsdag 17.10. 2013 kl 19.00
Stad: Litteraturhuset i Bergen, i salen “Olav H. Hauge”
Arrangør: Venelaget Olav H. Hauge
Gjester: Førsteamanuensis i nordisk ved Høgskulen i Bergen
Liv Marit Aksnes (f.1952) og poet Erlend O.Nødtvedt. (f.1984).



Føredrag om Olav H. Hauge sitt eige språk.
Liv Marit Aksnes arbeider med eit forskingsprosjekt som handlar om “lyden i
lyrikken”. Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale poetane i dette prosjektet. I
føredraget fokuserer ho på korleis Hauge sjølv framfører dikta sine. Vi får høyre fleire
lydeksempel, og i tillegg gjev ho eksempel på korleis andre framfører Hauge-dikt, både
med song og tale/opplesing. Ho viser kva måten å framføre på har å seia for
opplevinga og forståinga av dikta.

Språkbruk står sentralt i dette føredraget, Aksnes viser korleis musikken i språket , dvs.
lyden i lyrikken, påverkar opplevinga av dikta. Ho prøver å vise korleis det musikalske
(det klanglege og rytmiske) i skriftdiktet skaper meining,  og korleis det påverkar
framføringsmåten.




Etter føredraget vil poeten Erlend O. Nødtvedt lesa Hauge-dikt.
Inngangspengar: 150,- (hugs kontantar)
Medlemer i Venelaget: gratis



NYnorsk - eit moderne språk
Ope møte på Voss gymnas 13. september kl. 19.00.
Me inviterer DEG til ein spennande kveld med korte innslag, ordskifte og musikk.

Gjester: Hans Erik Ringkjøb, Dag Helleve, Gunnstein Akselberg, Ottar Grepstad, Maria Horvei og Karen Fadnes Brattebø

 Stad:  Festsalen, Voss gymnas
Fritt tilgjenge.
Arrangør: Voss gymnas



        Rediger