Årsmøte 2021
 INNKALLING TIL ÅRSMØTE
Tid: 4. september kl. 16.00-17.00 på Rossvoll
Stad: Rossvoll, Ulvik
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av ordstyrar, referent og to som skal skriva under protokollen
3. Årsmelding 2019-2021 ved leiar Olav Ljones.
4. Rekneskap 2019-2021, ved kasserar Anders K. Oppheim.
5. Innkomne saker
6. Val av styre, valnemnd , revisor og amboltprisnemnd
Saker som medlemmene vil ha opp på årsmøtet, må sendast til styret,
ved leiaren, seinast to veker før årsmøtet.
For Venelaget
Olav Ljones, leiar
Ostadalsveien 16, 0753 Oslo
e-post ola-lj@online.no.
Mobil 90 69 39 04

Melding om verksemda Venelaget Olav H. Hauge, 8.9.2018 til 3.9.2021

Styret

Årsmøtet 8.9.2018 valde til styret:

-          Olav Ljones, leiar

-          Marit Hafting

-          Guri Hjeltnes

-          Kamilla Systaddal (var ikkje med i styret det siste året)

-          Ingebjørg Winjum

-          Astrid Kløve-Graue - vara

-          Pia Davanger Angell- vara (trekte seg med ein gong)

Grunna avlysing av Poesifestival 2020 og dermed og utsetting av årsmøtet har styret arbeidd i 3 år og ikkje 2 år som var planlagd. Programmet under poesifestivalen 2018 med Liv Osa og Knut Hamre var kunstnarleg vellukka og med godt besøkstal, 134 på sitteplasar og 42 ståplassar.

Styrearbeid

Styret har hatt to styremøter  med oppmøte og ni telefonmøter. Styret  har og nytta e-post kommunikasjon i handsaminga av nokre saker.

Styret har arbeidd med å  få til Haugekveldar  på ulike stader i Norge. Programmet med Liv Osa og Knut Hamre vart framsynt i Litteraturhuset i Bergen 26.04.19. Det var og framførd i Tønsberg bibliotek 17.09.19 med Bodil Cappelen som arrangør. Det vart avtala ei framsyning i Tromsø våren 2020, men den måtta avlysast grunna pandemien.

Styret har ikkje fått vidareutvikla heimesida slik det var tenkt. Planen var å kople heimesida til Venelaget til heimesida til Haugesenteret når denne vert modernisert. Moderniseringa av heimesida til Haugesenteret er forseinka og moderniseringa av heimesida til Venelaget har difor stoppa opp.

Venelagsheftet

Og i denne perioden har Venelagsheftet kome med to nummer i året, om lag 34 sider i kvart nummer. Trykk og form er om lag den same som før men det er tatt i bruk ein litt større skrifttype som er lettare å lesa. Heftet har og tatt i bruk fargar på fotografia.  Heftet har vorte redigert av Olav Ljones ( redaktør) Marit Hafting og Ingebjørg Winjum.

Amboltprisen

Nemnd for Amboltprisen 2021 er: Audun Lødemel - Øystein Hide - Randi Jåstad - Eirik Vassenden. Prisvinnar i 2021 er Kathrine  Hanson, litteraturforskar frå USA.

Haugestiftinga

Venelaget  har oppnemnd Olav Ljones til styret i Haugestiftinga. Boksamlinga etter Olav H. Hauge er eigd av stiftinga og er deponert  til Haugesenteret og stilt ut der. Venelaget har understreka at det er viktig at boksamlinga vert omtala og vist fram på Haugesenteret. Det finst ein elektronisk søkbar katalog, noko som kan nyttast av Haugeinteresserte. Om bøkene vert skanna, ville bøkene verta endå meir tilgjengeleg. Arbeidet med skanninga er starta opp. Haugesenteret/ Nynorsk Kultursentrum har starta opp eit prosjekt  som vil gi betre inneklima der bøkene er lagra.

Medlemstal

Det er pr august 2021  183 som har betalt lagspengar i  Venelaget for 2021. I 2020 var det 194 betalande medlemer. Det  kan noterast at det i Facebook gruppa er 4600 medlemmar.  



Årsmøtet i venelaget 2020 utsett til 2021
 Grunna korona virus og  covid 19 epidemi er Poesifestivalen  2020 utsett til september 2021. Styret i Venelaget  tilrår at årsmøtet i Venelaget og vert utsett til 2021 slik at ein kan halda årsmøte samstundes med Poesifestivalen. Dette er og i godt samsvar med vedtektene til Venelaget. Det  noverande styret er innstilt på å arbeida i styret dette ekstra året. Om nokre av medlemmane ikkje er samde med denne løysinga kan dei kontakta styret ved leiar ola-lj@online.no.

Styret 2020 - 2021 vil då vera, med e-post adressa:
Olav Ljones (leiar). ola-lj@online.no
Marit Hafting. Marit.Hafting@gmail.com
Guri Hjeltnes.  guri.hjeltnes@hlsenteret.no
Kamilla Systaddal. kamisyst@gmail.com
Vara; Astrid Kløve Graue, akg@avisa-hordaland.no
Kasserar.Anders Opheim. andersko@ulvik.org 


Haugekveld i Bergen 26 april 2019

Om Venelaget Olav H. Hauge
Olav H. Hauge, lyrikaren frå Ulvik (1908 - 1994), er framleis ein kjend og kjær poet. Hausten 2016 hadde NRK ei kåring av dei beste norske dikt gjennom tidene, og i finalen var to dikt av Olav H. Hauge med, og diktet «Det er den draumen» vann heile kåringa. Hauge sjølv ville nok ikkje ha  lika slike kåringar. Men og mens han levde, fekk Olav merka at han var ein særs omtykt poet både hos folket og i aukande grad mellom litteratane.

Det grodde i Hauge sine spor. I 1999 vart Venelaget Olav H. Hauge skipa på Rossvoll,  diktarheimen til Olav H. Hauge i Ulvik. Laget er landsomfemnande og er for vener av Olav H. Hauge si dikting og har no omlag 300 medlemmar.  Styret gjev ut Venelagsheftet. Det har vore ulike arrangement og føredrag, men den største tilskipinga vart Poesifestivalen som no Haugesenteret og Nynorsk Kultursentrum  har ansvaret for.  Hausten 2018 var det festival og neste er 2020.

Styret for 2018-2020 er
- Olav Ljones, leiar
- Marit Hafting
- Guri Hjeltnes
- Kamilla Systaddal
- Ingebjørg Winjum
- Astrid Kløve-Graue - vara

Venelaget ynskjer alle velkomne som medlemmar og lagspengane er k 250 som kan innbetalast til konto  3450 30 01960 ved kasserar Anders Kristoffer Oppheim.

 

HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVAL

Venelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar.
I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans.

Referat årsmøte 2018
 Referat årsmøte 8.9 2018

Årsmøtet 8.september 2018
 Det var årsmøte for Venelaget Olav H. Hauge på Rossvoll under Poesifestivalen 2018. Det nye styret som vart valt er:

-          Olav Ljones, leiar

-          Marit Hafting

-          Guri Hjeltnes

-          Kamilla Systaddal

-          Ingebjørg Winjum

-          Astrid Kløve-Graue - vara

Referatet er lagd ut på heimesida.

Det vart vedteke å fylgja opp vedtaket frå 2016 om samarbeid  med Haugesenteret om at heimesida til Venelaget kjem inn under heimesida til Haugesenteret. Vedtaket under årsmøte har som ambisjon å få til ein overgang frå 2019. Det syner seg at dette vert for tidleg då Haugesenteret skal leggja om heile  si heimeside og at det er naturleg at overflytting av heimesida for Venelaget ventar til Haugesenteret er ferdig med si eiga omleggjing, Venteleg ikkje før i 2020. 

Årsmøte 2018





Fjellet kring Uppsæte, Hallingskeid og Finse

Denne artikkelen "Fjellet kring Uppsete, Hallingskeid
og  Finse i eldre tid" var trykt i Den norske turistforenings årbok i 1950 og er skriven av Olav H. Hauge

Amboltprisen 2018

Kven bør få Amboltprisen 2018?

Prisen, ein støypt ambolt og ein sjekk på kr 10.000, vert delt ut på poesifestivalen i Ulvik 7. - 9. september.

Idar.Stegane@uib.no
Øystein Hide, oystein.hide@fof.uib.no
Audun Lødemel,loedemel@gmail.com
Randi Jåstad, randijaa@gmail.com



        Rediger