Styremøte februar 2010

 


Tid: Måndag 22. februar 2010, kl 18.00-21.00
Stad: Tanks videregående skole, Kong Oscarsgt. 21, Bergen
Desse møtte: Johs Bleie, Øystein Hide, Unni Solem og Stephen J. Walton
Fråfall: Torbjørg Austrud, Daniel Hydle, Elin Rondestveit



Saksliste:

1. Godkjenning av innkalling og referat frå forrige styremøte

2. Status for Haugesenteret og boksamlinga

Unni, som er Venelaget sin representant i styret for Olav H. Hauge-stiftinga, gjorde greie for kva som no skjer med boksamlinga.

Ein viktig milepæl: Det er vedteke å konsolidera med Nynorsk Kultursentrum, som og driv Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela.

3. Status Poesifestivalen og programkomiteen

Programmet er på det næraste ferdig og det ser ut til at årets festival vert rik på opplevingar både musikalt og litterært.

4. Litteraturseminar under poesifestivalen

Stephen har vore i kontakt med Høgskulen i Bergen v/Aslaug Nyrnes, etter eit møte 8. desember 2009. Dei har laga eit godt utgangspunkt  for fagleg innhald.

Praktisk:
 - Seminaret vert 1 dag, dvs. torsdag 16. september, kl. 12.00-18.00
 - Programskisse er lagt fram, og invitasjon til påmelding vert klargjort.
 - Seminaret skal ha 30 deltakararar, og seminaravgifta er kr 500.
 - Stad for seminaret vert anten Ulvik kurs- og konferansesenter eller Haugesenteret i Ulvik.

5. Prisutdelingar i 2010

Det har kome fleire framlegg til vinnar av Amboltprisen 2010. Komiteen tek si avgjerd innan 1. juni 2010.

6. Vedtektene for Olav H. Hauge-stiftinga og Venelaget Olav H. Hauge

I vedtektene til Stiftinga står m.a: ”I styret skal sitja ein representant frå Den Norske Forfattarforening ...”
Venelaget sender oppmoding til Hauge-stiftinga om at ein representant for Forfatterforeningen kjem inn i styret.

I vedtektene til Venelaget står m.a. at ein skal ha "medlem i styret for eit museum knytt til diktarheimen til forfattaren på Rossvoll". Slik stoda er no, i samband med at Stiftinga vil etablere eit Haugesenter i det gamle heradshuset, er dette misvisande og paragrafen bør oppdaterast. 

7. Bok med foredragssamling frå litteraturseminaret i Ulvik 2008

Stefan A. Sture har etterlyst utgjeving i bokform av foredraga frå litteraturseminaret ved Poesifestivalen i 2008. Avtale frå 2008 var at Haugesenteret skulle gje ut dette. Venelaget kan ikkje ta på seg dette, og dåverande aktuelle kontaktperson ved Haugesenteret har slutta. Ei løysing kan vere å leggje bidraga ut på heimesida til Venelaget og/eller Haugesenteret. Ein kontaktar Sture og diskuterer dette vidare med han og dei ulike bidragsytarane.


8. Olav H. Hauge på engelsk

I samband med internasjonal lansering av Vigdis Nielsen sin film om Hauge, har Øystein har laga ein oversikt over tidlegare utgjevne Hauge-tekstar på engelsk. Det hadde m.a. vore behov for ei ny utgjeving i samband med lansering av filmen i England. Stephen kjem med framlegg om at ein skal kontakta NORLA - Norwegian
Litterature Agency - i samband med dette. Framlegg om eit seminar der ein samlar t.d. 5 omsetjarar (norsk-engelsk). Dei kan arbeida med kvarandre sine tekstar. Ideen vert lagt fram for Guro ved Haugesenteret, NORLA, Det Norske Samlaget og dei aktuelle engelske/amerikanske forlaga.


Neste styremøte vert torsdag 8. juni kl 18, i Bergen
.


 






        Rediger