Hauge-seminar i Ulvik, 16. september 2010!


HAUGE-SEMINAR I ULVIK, 16. SEPTEMBER 2010

Som i 2008 vert årets poesifestival innleidd med eit fagleg seminar. Tema for seminaret denne gongen er ulike typar performativt arbeid knytt til Hauge sin poesi, og opplegget er tenkt som ein blanding av plenumsøkter og arbeid/diskusjonar i grupper.

Hauge i performativt perspektiv

Tid: Torsdag 16. september 2010, kl. 12.00-18.00.
Stad: Ulvik kurs- og konferansesenter / Haugesenteret i Ulvik.
Arrangør: Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen og Venelaget Olav H. Hauge.

Utdrag frå programskissa:

”I poesi ligg rytme, melodi og musikalitet. I poesi ligg fargar, metaforar og bilete. Poesi er oppleving og refleksjon. På ein særeigen måte har Olav H. Hauge sin poesi alle desse sidene. (...)

Dette seminaret vil få fram den fleirfaglege Hauge. Kjernen vil vere utvalde tekstar frå Hauge sin produksjon. Tekstane skal ikkje primært lesast analytisk akademisk, i staden skal tekstane tolkast gjennom ulike typar performativt arbeid, og studiar av slikt arbeid %96 opplesing, musikk, biletskaping, bildebokproduksjon.

Aktuelle spørsmål vil vere: Kva for plass og rolle kan opplesing ha i arbeid med litteraturforståing og -formidling i skulen? Kvifor og korleis er opplesing ein ’tolkande aktivitet’ - og korleis kan dette brukast i undervisninga? Korleis kan t.d. ulike lesemåtar demonstrere klanglege og rytmiske forhold i eit dikt? Kva skjer med tekstane når dei blir famførte; kva er den estetiske verknaden av å la Hauge sine dikt ’lyde’ i rommet, frå person til person? Og kva skjer når ein lar framføringa vere multimedial (samarbeid mellom opplesing, musikk og bilete)? (...)

Det er seminaret sin grunnidé at ein gjennom desse ulike performative tilnærmingane får fram tekstane sitt didaktiske potensiale. Korleis kan møtet mellom ulike kunstartar skape nye tilnærmingar til Hauge-tekstane?”

Praktisk opplegg:


Seminaret er tenkt tredelt:

 - eit kort performativt innslag (ev. vising av utdrag frå DVD - Kom ikkje med heile sanningi, HiB 2008).
 -
arbeid i verkstad - deltakarane vert fordelt på arbeidsgrupper med musikk, opplesning, biletskaping og barnelitteratur som tema.
 -
plenumsøkt med refleksjonar og teoretiske perspektiv på det performative / didaktiske.


Påmelding:

Send namn og adresse til: post@venelagethauge.no
Påmeldingsfrist: 1. juli 2010
Seminaravgift: 500 kr
Betal innan 1. juli til: 3450.30.01960, ved “Kasserar A.K. Oppheim”

Påmelding vert stadfesta på e-post. Seminaret vil ha omlag 30 plassar, så det gjeld å vere tidleg ute med påmelding.

----------------------------------------------

Ved spørsmål om opplegget, ta kontakt med:

Øystein Hide, Venelaget Olav H. Hauge (oystein.hide@fof.uib.no) 
Aslaug Nyrnes, Høgskolen i Bergen (
aslaug.nyrnes@hib.no)





HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVAL

Venelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar.

I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans. 


AMBOLTPRISEN

Annakvart år deler Venelaget ut Amboltprisen. Denne går til ein person som har gjort mykje for å gjera Hauge si dikting kjend. Prisen vert delt ut i samband med Poesifestivalen i Ulvik. Prismottakaren får kr 10 000,- og ein støypt ambolt som bilethoggar Leif Gjerme har laga. Desse har motteke prisen:

2000 Idar Stegane

2002 Ola E. Bø

2004 Jan Erik Vold

2006 Erling Lægreid

2008 Robert Bly

2010 Arne Skjerven

2012 Bodil Cappelen

2014 Espen Eide

 
 
Ta kontakt med oss:

Randi Jåstad
Vikøyv 386
5600 Norheimsund
tlf 91523146
v/

AKTUELT

Styremøte 7. februar 2017

Referat frå styremøte 4.november 2016

Referat frå årsmøtet 10.09.16

Referat frå årsmøtet 10.09.16

Referat styremøtet 22. august 2016

Referat 18.4.2016

Referat 25.4. 2015

Referat frå styremøte 16.03.2015

Referat frå styremøte 23.01.2015

Den andre mannen i meg

Referat frå styremøte 3.11.14

Referat frå styremøte 29.09.14

Årsmøtet 2014

Referat frå styremøte 28.08.14

Referat frå styremøte 11.06.14

Referat frå styremøte 13.05.14

Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle



REFERAT STYREMØTE 5.2.2014

Les meir..

DET LYDLEGE I POESIEN


Les meir..


Referat styremøte 21.08.2013
Her kan du lesa referat frå siste styremøte


BILETSPEL PÅ HARDINGTONAR
Les meir..

APRIL 2013
Les meir..

Månadens nynorskforfattar 2013
Les meir..

Referat frå styremøte 13.02.2013

Handlingsplan for Venelaget 2012 - 2014

Januar 2013

Les meir..


Desember 2012

Auka driftsmidlar til Haugesenteret

I 2013 er vi inne i det nasjonale Språkåret,  som vert organisert av Nynorsk Kultursentrum på oppdrag frå regjeringa

September 2010, referat frå årsmøtet 18.sept

Les meir..


Juni 2010
Program for dagskurs i Ulvik 16.09.2010

Les meir..

Juni 2010
Arne Skjerven vinn Amboltprisen!

Les meir..

Juni 2010
Kluss med medlemsheftet!

Les meir..

April 2010
Nytt medlemshefte!

April 2010
Hauge-seminar i Ulvik, 16. september 2010

Les meir..

April 2010
Ung poesi i Hordaland


Februar 2010
Styremøte


Desember 2009
E-postadresser!

Les meir..

Desember 2009
Informasjon om Venelagsheftet
i 2010!


Oktober 2009
Nytt medlemshefte!

Oktober 2009
Venelaget Olav H. Hauge samarbeider med dform.no.


Oktober 2009
To nye nettstader vart lansert denne veka:


Oktober 2009
Styremøte


November 2008
Styremøte


Oktober 2008
Venelaget Olav H. Hauge er årets kulturarbeidar i Hordaland!


September 2008
Årsmøte, Vinnar Ung Poesi, Vinnar studiestipend, Ulvik Poesifestival

Data-Form, Voss