Amboltprisen 2010





(Foto: www.samlaget.no)

Komiteen for Amboltprisen har vedteke at Arne Skjerven får Ambolten for 2010. Her er noko av det som vert lagt vekt på i grunngjevinga:


Arne Skjerven (f. 1944), busett i Ulvik, var saman med nokre andre
eldsjeler grunnleggjaren av Venelaget Olav H. Hauge i 1999, og var
leiar og primus motor for laget heilt fram til 2006. I samband med
dette arbeidet var Skjerven og sentral i etableringa av Poesifestivalen
i Ulvik, og han har vore styre- eller varamedlem for Olav H.
Hauge-stiftinga anten som Venelaget eller Ulvik Herad sin
representant.

Arne Skjerven har vore lærar og skuleleiar i ei årrekkje, fram til han vart pensjonist i 2009. I tillegg har han drive mykje som journalist og vore særlig aktiv i målarbeidet. I samband med arbeidet for målmedvit og språkrøkt blant dei unge, var Skjerven redaktør for skuleavisa Gluggen i ein halv mannsalder. Etter mange års arbeid med Olav H. Hauge og diktinga hans, kom boka Olav H. Hauge og bygda ut på Det Norske Samlaget i 2008, i samarbeid med ein tidlegare lærarkollega Steinar I. Bergo. I samband med denne boka, skriv Samlaget fylgjande i forfatterpresentasjonen av Skjerven på nettsidene sine:

”Skjerven snakka mykje og jamleg med Olav H. Hauge i over 20 år. Samtalane handla om norskopplæring, litteratur og ikkje minst språket for born og vaksne med vekt på målreising og språkrøkt. Skjerven gjorde elles opptaket til bautaen over diktinga til Olav H. Hauge (...)” og han har ” redigert temahefte til skulebruk om Per Sivle, Ivar Aasen om mål og målreising. Han har og skrive ei rekkje artiklar både i tidsskrift og aviser om språklege, historiske og litterære emne.”

Skjerven er ein av dei ”gamle slitarane” i arbeidet med på fremja Olav H. Hauge og diktinga hans. Med særleg fokus på det lokale perspektivet, har Skjerven arbeidd for å auke kunnskap om og kjennskap til lyrikk og målsak i skuleverket og mellom folk flest i nærare 40 år. Skjerven har og vore ein ressursperson og rådgjevar for Ulvik Herad og Brakanes skule i Ulvik innan områder som lokalsoge og lokale kunstnarar, og er vel kjend i bygda og omegn som ein heilt unik ressursperson. Skjerven er og ein kjent konferansier på Poesifestivalen, og har i form av sitt unike engasjement makta å sameine interessene til føredragshaldarar, forskarar og det generelle publikum på festivalen.


Venelaget gratulerer den verdige vinnaren, og satsar på å få til eit større intervju med Arne i augustnummeret av medlemsheftet vårt!





HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVAL

Venelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar.

I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans. 


AMBOLTPRISEN

Annakvart år deler Venelaget ut Amboltprisen. Denne går til ein person som har gjort mykje for å gjera Hauge si dikting kjend. Prisen vert delt ut i samband med Poesifestivalen i Ulvik. Prismottakaren får kr 10 000,- og ein støypt ambolt som bilethoggar Leif Gjerme har laga. Desse har motteke prisen:

2000 Idar Stegane

2002 Ola E. Bø

2004 Jan Erik Vold

2006 Erling Lægreid

2008 Robert Bly

2010 Arne Skjerven

2012 Bodil Cappelen

2014 Espen Eide

 
 
Ta kontakt med oss:

Randi Jåstad
Vikøyv 386
5600 Norheimsund
tlf 91523146
v/

AKTUELT

Styremøte 7. februar 2017

Referat frå styremøte 4.november 2016

Referat frå årsmøtet 10.09.16

Referat frå årsmøtet 10.09.16

Referat styremøtet 22. august 2016

Referat 18.4.2016

Referat 25.4. 2015

Referat frå styremøte 16.03.2015

Referat frå styremøte 23.01.2015

Den andre mannen i meg

Referat frå styremøte 3.11.14

Referat frå styremøte 29.09.14

Årsmøtet 2014

Referat frå styremøte 28.08.14

Referat frå styremøte 11.06.14

Referat frå styremøte 13.05.14

Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle



REFERAT STYREMØTE 5.2.2014

Les meir..

DET LYDLEGE I POESIEN


Les meir..


Referat styremøte 21.08.2013
Her kan du lesa referat frå siste styremøte


BILETSPEL PÅ HARDINGTONAR
Les meir..

APRIL 2013
Les meir..

Månadens nynorskforfattar 2013
Les meir..

Referat frå styremøte 13.02.2013

Handlingsplan for Venelaget 2012 - 2014

Januar 2013

Les meir..


Desember 2012

Auka driftsmidlar til Haugesenteret

I 2013 er vi inne i det nasjonale Språkåret,  som vert organisert av Nynorsk Kultursentrum på oppdrag frå regjeringa

September 2010, referat frå årsmøtet 18.sept

Les meir..


Juni 2010
Program for dagskurs i Ulvik 16.09.2010

Les meir..

Juni 2010
Arne Skjerven vinn Amboltprisen!

Les meir..

Juni 2010
Kluss med medlemsheftet!

Les meir..

April 2010
Nytt medlemshefte!

April 2010
Hauge-seminar i Ulvik, 16. september 2010

Les meir..

April 2010
Ung poesi i Hordaland


Februar 2010
Styremøte


Desember 2009
E-postadresser!

Les meir..

Desember 2009
Informasjon om Venelagsheftet
i 2010!


Oktober 2009
Nytt medlemshefte!

Oktober 2009
Venelaget Olav H. Hauge samarbeider med dform.no.


Oktober 2009
To nye nettstader vart lansert denne veka:


Oktober 2009
Styremøte


November 2008
Styremøte


Oktober 2008
Venelaget Olav H. Hauge er årets kulturarbeidar i Hordaland!


September 2008
Årsmøte, Vinnar Ung Poesi, Vinnar studiestipend, Ulvik Poesifestival

Data-Form, Voss