Handlingsplan for Venelaget 2012 - 2014

Styret vil i perioden arbeida for følgjande: 
  • Fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting, jf. vedtektene. 
  • Driva laget med balanse mellom utgifter og inntekter. Inntektene frå medlemspengane er ramma. 
  • Gje ut Venelagshefte på nett med minimum to nummer i året. Leiar og styret samlar inn tekstar etter fordeling. Leiar har ansvar for å sende av garde ferdig redigerte og språkvaska tekstar til Allkopi, innanfor den fristen som vert satt til kvar tid.  Styret samarbeider om tekstane. Alle frivillige bidrag vil verte vurdert. Honorar vil verte vurdert. 
  • Avvikle papirutgåva av medlemsblad og konvertere til E-bok. Denne vert lasta opp på nett. Dette for å halda kostnadane på eit lavt nivå og frigjere økonomiske midlar til andre område, til dømes seminar.  Medlemer som ikkje nyttar data vil framleis få tilsendt hefte. 
  • Arrangera litteraturseminar i Bergen/Hordaland i 2013/2014. Ulike samarbeidspartnarar er aktuelle, til dømes Litteraturhuset i Bergen, biblioteka og utdanningsinstitusjonane.  Starte med dette arbeidet for fullt januar 2013. 
  • Etablere eit tettare samarbeid med Haugesenteret i Ulvik, som skal opne i 2014. Følgje utviklinga av Ulvik Poesifestival framover,  då den er i ein omstruktureringsfase.  Stille på møter og delta aktivt med innspel i prosessen. Vende seg til Haugesenteret om samarbeid i arrangeringa av eit seminar i samband med Ulvik Poesifestival i 2014. 
  • Vidareutvikle Ung Poesipris, Amboltpris og re-etablere studiestipendet på 10.000 kr.  
  • Omarbeide og vidareutvikle nettsida. Leiar har ansvar for dette i samband med Dform. Leiar har ansvar for å leggje ut referat og e-bok. Alle i styret kan legge ut nyhende og liknande.
  • Marknadsføring og synleggjering av laget. Innlegg i aviser, spreiing av heimesida, facebook, trykke informasjonsbrosjyre og visittkort. Legge ut brosjyrar rundt omkring på bibliotek og andre relevante stader. Ha stend under poesifestivalen for å synleggjere laget og verve medlem.  

Vedteken på styremøtet 13.02.2013



        Rediger