Biletspel på Hardingtonar 2013

Programskaparen Geirr Tveitt
og biletspelfilmen
Ordmeisteren Olav H. Hauge

Laurdag 15. juni 2013 kl. 12:00
Thon Hotel Sandven, konferansesalen

Hardingtonar startar i år ein ny programpost der me går 50 år tilbake i tid og lyttar til radioprogram Geirr Tveitt laga i NRK. I 1963 vart bl.a. dikt av Olav H. Hauge tonesette. Me vert med på vitjing hjå Hauge i Ulvik og får høyra urframføring av songane. Det høver soleis godt å også ha premiere på biletspelfilmen Ordmeisteren Olav H. Hauge, laga av Randi Storaas.

På 1960- og 70-talet laga Geirr Tveitt ei rekkje radioprogram då han var tilsett i NRK. Dette er ei mindre kjend side av den allsidige komponisten sitt virke. Hardingtonar vil dei neste åra ha ein fast programpost der ein lyttar til fleire av desse programma eller utdrag frå dei 50 år etter at dei vart sende. I år er det 1963 som står for tur. Det året vart dei fyrste av ei rekkje diktarportrett laga. Fyrst ut var Ragnvald Vaage og Olav H. Hauge.
Geirr Tveitt var programskapar, han samtalte med lyrikarane som framleis var i live og fekk dei til å lesa eigne dikt. Han sette tone til dikta deira og desse fekk si urframføring i sendinga. Me møter og utøvaren Geirr Tveitt på klaver og cembalo eller som dirigent av Kringkastingsorkesteret.

Stig Olav Skeie har lytta gjennom det omfangsrike materialet som finst i Radioarkivet. Han vil fortelja litt om dette arbeidet og om funn av nye til no ikkje registrete komposisjonar. Me får lytta til nokre av desse. Fokuset vert på året 1963, men me får og høyra kutt frå det aller fyrste lydopptaket med Tveitt-musikk frå 1936. Og me lyttar til store deler av programmet "Kom ikkje med havet for min torste" der Geirr Tveitt og Steinar Brauteset vitjar Olav H. Hauge heime i Ulvik og pratar om bygda, fjellet, fruktdyrking og ikkje minst om diktning. Olav les nokre av dikta sine som Geirr har tonesett og som vert urframført i programmet. 
I Ordmeisteren Olav H. Hauge møter me gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og me er med han i hus og hage på garden Hakastad. Me møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa.

Filmen er bygd opp av foto-, lyd- og filmopptak frå ulike arkiv, og nye foto- og filmopptak frå garden Hakastad og Ulvik, tatt av fotografen Agurtxane Concellon.
Randi Storaas har regien, og lyddesignen er ved Knut Halmrast. Bodil Cappelen, Idar Stegane og Haugesenteret i Ulvik har vore konsulentar.
Tid: kring 15 minutt.






        Rediger