Frå det heimlege til det universelle



21. november arrangerte Venelaget møte I Bergen med temaet “Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle”. Møtet var eit samarbeidsprosjekt med Biblioteket I Bergen. I tillegg fekk vi støtte frå Folkeakademiet. 

Professor emeritus Idar Stegane viste oss det veldige spennet mellom det nære og det verdsomfattande i ordval, biletbruk og allusjonar i diktinga til Hauge. Dette konkretiserte Stegane med utdrag frå dikt frå forskjellige diktsamlingar. På den knappe tida han hadde fått til rådvelde, rakk han innom både ord og uttrykk frå Ulvik og Hardanger og allusjonar til verdslitteraturen. Han viste oss innfallsvinklar til  eit historisk perspektiv og referansar til vår eiga tid. 

Deretter heldt forfattar og journalist Frode Grytten eit essayistisk foredrag med mange vittige anekdotar om oddamålet og oddakulturen. Han stilte Ulvik opp som glansbiletet av Hardanger, og Odda som antihardanger.  Grytten hevda at alle forfattarar har sin eigen geografi eller lokalitet. Lokaliteten inneheld både ein konkret plass, men og alle kulturelle impulsar ein har med seg. Ulvik, hardangerdialekten og den enorme boksamlinga til Hauge er Hauge sin geografi. Odda, oddadialekten, filmar, musikk og bøker er Grytten sitt geografiske univers.

Innhaldsrik kveld. Ein lærer stadig noko nytt om Hauge og om litteratur generelt. 
Mange ulvikjer hadde reist den lange vegen til Bergen for å delta på møtet. Venelaget sette stor pris på at dei kom. 

Randi Jåstad,
referent







        Rediger