Referat frå årsmøte i Venelaget Olav H. Hauge 10.9.2016 kl 0900-1000 i Elvatun, Ulvik Til stades: Styret og 19 andre røysteføre. 1. Innkallinga og saklista vart godkjente 2. Som ordstyrar vart vald Randi Jåstad. Referent vart Torbjørg Austrud. Oddmund Hus og Arne Skjerven vart valde til å skriva under referatet. 3. Årsmelding 2014 - 2016: Årsmeldinga vart godkjent. Det vart kommentert at styret har fått til gode arrangement og innhaldsrike nummer av venelagsheftet. 4. Rekneskap 2014 - 2016: Kasserarar Anders Kristoffer Oppheim gjekk gjennom hovudpunkta i rekneskapen. Kasseraren berømma styret for ryddig og godt utført arbeid i høve økonomien. Revisor har vore Olav Bergo. Rekneskapen vart godkjend utan merknader.
5. Innkomne saker: Framlegg frå Unni Solem Bilsbak og Teresa Wallevik om å endra rolla til Venelaget i samband med at vi har fått eit Hauge-senter. Eit framlegg med utgreiing var sendt ut i lag med innkallinga til årsmøtet. Framlegg til vedtak frå Unni Solem Bilsbak og Theresa Wallevik: 1. Venelaget Olav H Hauge inngår eit tettare samarbeid med Haugesenteret i komande periode. Venelaget held fast på namnet. 2. Det nye styret får mandat til perioden 2016 - 2018 å arbeide med ei tettare tilknyting til Haugesenteret, i dialog med leiar der. Dei legg resultatet fram for neste årsmøte i 2018. 3. Det nye styret får i oppgåve å laga framlegg til naudsynte endringar av vedtektene til neste årsmøte i 2018. Det kom opp eit alternativt framlegg frå Randi Jåstad; Årsmøtet ber styret vidareutvikla samarbeidet med Haugesenteret innanfor dei vedtektene vi har i dag. Lars Meling kom med eit tillegg til Randi Jåstad sitt framlegg i eit nytt pkt 2. Styret får i oppgåve å leggja fram ei vurdering av kva for oppgåver samarbeidet kan innebera. Det vart vidare sett fram eit punkt 3.Resultatet skal leggjast fram på neste årsmøte. Det vart ein diskusjon kring saka. Unni trekte sitt framlegg etter desse tillegga. Fylgjande framlegg vart samrøystes vedteke: 1. Årsmøtet ber styret vidareutvikla samarbeidet med Hauge-senteret innanfor dei vedtektene vi har i dag. 2. Styret får i oppgåve å leggja fram ei vurdering av kva for oppgåver samarbeidet kan innebera. 3. Resultatet skal leggjast fram på neste årsmøte.
6. Valnemnda la fram sine framlegg til nye tillitsvalde i Venelaget. Framlegg til ny leiar: Olav Ljones
Framlegg til styremedlemmer; Magne Velure Marit Hafting Sjur Tjelmeland Astrid Kløve-Graue
Vararepresentantar: Grete Skarpeid Torbjørg Austrud Leiar og styremedlemmer samrøystes valde.
Anders Kristoffer Oppheim har sagt seg villig til å halda fram som kasserar. Sameleis har Olav Bergo sagt seg villig til å ver revisor .
Styret la fram framlegg til ny valnemnd og Amboltprs-nemnd: Ny valnmnd: Eivind Bergo Sveinung Time Aslaug Nyrnes Vara: Arna Vik Misje
Det gamle styret vart takka av med gåver, likeså valnemnda.
Referent: Torbjørg Austrud
Ulvik, 12.9. 2016
HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVAL
Venelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar.
I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans.
AMBOLTPRISEN
Annakvart år deler Venelaget ut Amboltprisen. Denne går til ein person som har gjort mykje for å gjera Hauge si dikting kjend. Prisen vert delt ut i samband med Poesifestivalen i Ulvik. Prismottakaren får kr 10 000,- og ein støypt ambolt som bilethoggar Leif Gjerme har laga. Desse har motteke prisen: