Foto: Steinar I. Bergo


Ynskjer du å verta medlem?

Som medlem i Venelaget Olav H. Hauge er du med på å stø arbeidet vårt med å fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting. I tillegg vil du få rimelegare tilgjenge til Hauge-arrangement i regi av Venelaget og tilsendt venelagsheftet vårt, som kjem om lag to gonger i året. 


Medlemskap kostar årleg kr 250. Du kan anten kontakta oss for å motta giro for innbetaling eller overføra direkte til:
 
3450.30.01960
Venelaget Olav H. Hauge, v/ kasserar Anders Kr. Oppheim, Hjeltnesvegen 109, 5730 Ulvik.

  • Hugs å merka giroen med namnet ditt, slik at vi får registrert deg i medlemslista vår. 
  • Send ein epost til: post@venelagethauge.no med mailadresse, slik at vi kan leggje deg til i den elektroniske distribusjonslista vår.  




Styre valgt årsmøtet 10.09.16
 

Styret i Venelaget, 2016 - 2018

Leiar: Olav Ljones, Oslo, e-post: ola-lj@online.no

Styremedlem: Magne Velure, Lillehammer

                          Marit Hafting, Voss

                          Sjur Tjelmeland, Valen

                          Astrid Kløve Graue, Voss

Varamedlem: Grete Skarpeid, Voss

                          Torbjørg Austrud, Ulvik

Kasserar: Anders Kristoffer Oppheim. Ulvik

Styret 2014 - 2016
Nytt styre valt på årsmøtet 06.09.14 i Elvatun, Ulvik:
  • Leiar: Randi Jåstad, Norheimsund
  • Økonomiansvarleg: Audun Lødemel, Voss
  • Skrivar: Eivind Bergo, Bergen
  • Styremedlem: Annelise Thorbjørnsen, Voss
  • Styremedlem: Bjørn Finne, Ulvik
  • Varamedlemer:Torbjørg Austrud og Terje Hjartnes, Ulvik
  
                                                                                     
                                                                                                
                                             
  

Styret i Venelaget Olav H. Hauge 2012-14
Nytt styre valt på årsmøtet 15.09.2012 i Elvatun, Ulvik:

  • Leiar: Theresa Wallevik, Bergen
  • Styremedlem: Eivind Bergo, Bergen
  • Styremedlem:  Randi Jåstad, Øystese 
  • Styremedlem:  Audun Lødemel, Voss
  • Styremedlem: Annelise Thorbjørnsen, Voss (representant i styret for Haugestiftinga)
  • Varafolk: Torbjørg Austrud og Terje Hjartnes, Ulvik


 


Styret i Venelaget Olav H. Hauge 2010 - 2012
 
På årsmøtet på Rossvoll laurdag 18. september 2010, vart dette styret valt:
  • Styreleiar: Unni Solem, Ulvik
  • Styremedlem: Tone Tveit, Ulvik (representant i Olav H. Hauge-stiftinga)
  • Styremedlem: Johannes P. Bleie, Bergen
  • Styremedlem: Torbjørg Austrud, Ulvik (representant i Ulvik Poesifestival)

  • Styremedlem: Stephen J. Walton, Volda
  • Varemedlemmer: Stefan Andreas Sture, Sarpsborg og Svein Ove Duesund, Øystese

 Ta kontakt med oss: post@venelagethauge.no

Telefon: 91147716



 




 Vedtekter for Venelaget Olav H. Hauge

På skipingsmøtet på Elvatun 1999 vart fylgjande vedtekter samrøystes vedtekne:

 
1. Namnet på laget er “Venelaget Olav H. Hauge”.
 
2. Føremålet med laget er å fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting.
 
3. Medlemar av laget greier ut medlemspengar, som vert fastsette på årsmøtet.
 
4. Venelaget skal gje ut medlemsblad.
 
5. Venelaget skal ha medlem i styret for eit museum knytt til diktarheimen til forfattaren på Rossvoll, og ein medlem for dei kommunale poesidagane. Det skal veljast varafolk for desse to.
 
6. Venelaget skal ha styre med leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem. Det skal veljast to varafolk. Leiaren er på val ved kvart årsmøte, medan dei andre i styret og på varalista går skiftesvis ut, slik at styremedlem, skrivar og ein av varafolka på skipingsmøtet vert valde for eit år.
 
7. Årsmøtet vert halde i samband med “Poesidagane i Ulvik”, annakvart år. Årsmøtet skal kunngjerast minst ein månad på førehand. Det skal ta føre seg årsmelding og rekneskap, og elles planlegging for komande arbeidsbolk. Årsmøtet vel og valnemnd og ettersyn. Vala er for to år.
 
8. Omframt årsmøte vert halde når styre eller 1/5 av medlemane krev det.
 
9. Endringar av vedtektene eller eit krav om oppløysing av Venelaget kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte. Då krevst det at 2/3 av dei frammøtte er samde om det. Om det kjem vedtak om oppløysing, skal midlar og verdiar gå til museet, som ber namnet til Olav H. Hauge.



        Rediger