Amboltprisen

Geir Netland mottok Amboltprisen i 2024. Her saman med leiar i Venelaget, Ågot Gammersvik. Foto: Sander Schadberg

Annakvart år deler Venelaget ut Amboltprisen. Denne går til ein person som har gjort mykje for å gjera Hauge si dikting kjend. Prisen vert delt ut i samband med Poesifestivalen i Ulvik. Prismottakaren får kr 10 000,- og ein støypt ambolt som bilethoggar Leif Gjerme har laga.

Desse har motteke Amboltprisen: 

2024 Geir Netland 

2022 Einar Økland 

2021 Kathrine J. Hanson 

2018 Ole Karlsen 

2016 Klaus Anders 

2014 Espen Eide 

2012 Bodil Cappelen 

2010 Arne Skjerven 

2008 Robert Bly 

2006 Erling Lægreid

2004 Jan Erik Vold 

2002 Ola E. Bø 

2000 Idar Stegane