Årsmøte 2021

INNKALLING TIL ÅRSMØTE

Tid: 4. september kl. 16.00-17.00 på Rossvoll
Stad: Rossvoll, Ulvik

1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av ordstyrar, referent og to som skal skriva under protokollen
3. Årsmelding 2019-2021 ved leiar Olav Ljones.
4. Rekneskap 2019-2021, ved kasserar Anders K. Oppheim.
5. Innkomne saker
6. Val av styre, valnemnd , revisor og amboltprisnemnd
Saker som medlemmene vil ha opp på årsmøtet, må sendast til styret,ved leiaren, seinast to veker før årsmøtet.
For Venelaget
Olav Ljones, leiar
Ostadalsveien 16, 0753 Oslo
e-post ola-lj@online.no. Mobil 90 69 39 04

Melding om verksemda Venelaget Olav H. Hauge, 8.9.2018 til 3.9.2021

Styret
Årsmøtet 8.9.2018 valde til styret:
–          Olav Ljones, leiar
–          Marit Hafting
–          Guri Hjeltnes
–          Kamilla Systaddal (var ikkje med i styret det siste året)
–          Ingebjørg Winjum
–          Astrid Kløve-Graue – vara
–          Pia Davanger Angell- vara (trekte seg med ein gong)

Grunna avlysing av Poesifestival 2020 og dermed og utsetting av årsmøtet har styret arbeidd i 3 år og ikkje 2 år som var planlagd. Programmet under poesifestivalen 2018 med Liv Osa og Knut Hamre var kunstnarleg vellukka og med godt besøkstal, 134 på sitteplasar og 42 ståplassar.

Styrearbeid
Styret har hatt to styremøter  med oppmøte og ni telefonmøter. Styret  har og nytta e-post kommunikasjon i handsaminga av nokre saker.Styret har arbeidd med å  få til Haugekveldar  på ulike stader i Norge. Programmet med Liv Osa og Knut Hamre vart framsynt i Litteraturhuset i Bergen 26.04.19. Det var og framførd i Tønsberg bibliotek 17.09.19 med Bodil Cappelen som arrangør. Det vart avtala ei framsyning i Tromsø våren 2020, men den måtta avlysast grunna pandemien.Styret har ikkje fått vidareutvikla heimesida slik det var tenkt. Planen var å kople heimesida til Venelaget til heimesida til Haugesenteret når denne vert modernisert. Moderniseringa av heimesida til Haugesenteret er forseinka og moderniseringa av heimesida til Venelaget har difor stoppa opp.

Venelagsheftet
Og i denne perioden har Venelagsheftet kome med to nummer i året, om lag 34 sider i kvart nummer. Trykk og form er om lag den same som før men det er tatt i bruk ein litt større skrifttype som er lettare å lesa. Heftet har og tatt i bruk fargar på fotografia.  Heftet har vorte redigert av Olav Ljones ( redaktør) Marit Hafting og Ingebjørg Winjum.

Amboltprisen
Nemnd for Amboltprisen 2021 er: Audun Lødemel – Øystein Hide – Randi Jåstad – Eirik Vassenden. Prisvinnar i 2021 er Kathrine  Hanson, litteraturforskar frå USA.

Haugestiftinga
Venelaget  har oppnemnd Olav Ljones til styret i Haugestiftinga. Boksamlinga etter Olav H. Hauge er eigd av stiftinga og er deponert  til Haugesenteret og stilt ut der. Venelaget har understreka at det er viktig at boksamlinga vert omtala og vist fram på Haugesenteret. Det finst ein elektronisk søkbar katalog, noko som kan nyttast av Haugeinteresserte. Om bøkene vert skanna, ville bøkene verta endå meir tilgjengeleg. Arbeidet med skanninga er starta opp. Haugesenteret/ Nynorsk Kultursentrum har starta opp eit prosjekt  som vil gi betre inneklima der bøkene er lagra.

Medlemstal
Det er pr august 2021  183 som har betalt lagspengar i  Venelaget for 2021. I 2020 var det 194 betalande medlemer. Det  kan noterast at det i Facebook gruppa er 4600 medlemmar.  


Publisert

i

av

Stikkord: