Årsmøte og styre 2024

Det nye styret. Frå venstre Alf Gunnar Eritsland, Ingebjørg Winjum, Håkon Gjerde, Ågot Gammersvik og Vidar Vambheim. Guri Hjeltnes og Ådne Sandvik Dyrnesli er ikkje avbilda.

Årsmøtet for Venelaget Olav H. Hauge fann stad laurdag 14. september i Hauge sin heim på Rossvoll. Under finn du Protokoll for Årsmøtet.

Det er også vald nytt styre i Venelaget Olav H. Hauge:

Leiar, Ågot Gammersvik
Styremedlem, Guri Hjeltnes
Styremedlem, Håkon Gjerde
Styremedlem, Alf Gunnar Eritsland
Styremedlem, Ingebjørg Winjum
Varamedlem, Vidar Vambheim
Varamedlem, Ådne Sandvik Dyrnesli

Guri Hjeltnes er nestleiar og Ingebjørg Winjum er referent.

Alf Gunnar Eritsland, Guri Hjeltnes og Ådne Sandvik Dyrnesli utgjer redaksjonsnemnd for Venelagsheftet.

Vi vil takka det avtroppande styret med styremedlem Marit Hafting og Torbjørn Ljones for eit omfattande arbeid for Venelaget Olav H. Hauge, og for vel gjennomført Poesifestival 2024.


Publisert

i

av

Stikkord: